Good Time Charlie og elevar frå Gullfjordungen skule fylte kulturhuset med humor, dans, groovy badnablues og engasjert allsong laurdag ettermiddag.

Arle Hjelmeland var sirkusdirektør for høvet og hadde full kontroll over manésjen. Med store gestar, humor, barnleg fantasi og overtydande formidlingsevne fekk han alle med på notane. På fremste rad trampa gallopperande barneføtter takta så skoa flaug veggimellom, og små, sjenerte nysgjerrigperar våga seg stadig fram til scenekanten for å synge med og svinga på svansen.