Fullt og heilt – Haltli med folk

Frode Haltli avant folk (Foto: Vossa Jazz/ Olav Aga)
Frode Haltli avant folk (Foto: Vossa Jazz/ Olav Aga)

Inn frå sida i Gamlekinoen gjeng gjengen til Frode Haltli, og han sjølv inn til scenen til rungande applaus frå salen (showet var ikkje starta ein gong!) Eit par sekund seinare entrar sjølvaste festivalsjefen Trude Storheim på scena for å introdusera denne kollasjen av ulike artistar frå ulike generasjonar og sjangrar. Eit flunkande nytt tradisjonelt inspirert, men òg litt jazza konsept stod klar framføre øyra til vossajazzarane.

Med blåsarar som blanda natur med det mennesklege, gitaristar det austlige med det vestlige, fele og hardingfele, og trommer med ein cymbal-solo, førde Frode Haltli sin accordian-virtuose framføring for fyrste gong for nokon andre enn gjengen sjølv. Og det funka så det ljoma i gamlekinoen.

Det heile byrja med ein ny form for folketone, som bygde seg opp til eit gedigent klimaks, som så førde publikum inn i ein disharmoniell jazzstemning. Men denne stemninga varte ikkje lenge, då Haltli fann tilbake til den tidlegare tonen, men med litt jazza utrykk med seg, i ekte «Penguin Café Orchestra»-and, som både Frode Haltli og gjengen, og Vossa Jazz vil vera stolt over i lang tid framover.

Del gjerne!