Full gass med Superjazz!

Kvart år arrangerer Vossa Jazz Superjazz, ein konsert der dei med fysiske og psykiske utfordringar får utfalde seg i musikalsk samspel. I år vart konserten leia av den danske trommeslagaren Kresten Osgood. Hans uredde, viltre, fantasifulle og sprelske tilnærming til musikken klaffa så til dei grader med dei mange humørfylte medmusikantane. I eit viltert sammensurium av perkusjon, blåseinstrument, gitarar og vokal tentes ei genuin musikkglede og spontan rytmekjensle hjå musikarane, som deretter forplanta seg i publikum.

På ein festival der improvisasjon står i høgsetet var denne konserten ei viktig påminning. Det er fyrst og fremst innleving, kjensle og spontanitet som skal til for å skapa vellukka, publikumsvennleg improvisasjon. Desse eigenskapane finst i alle menneske – ikkje berre hjå dei som har mastergrad i utøvande musikk frå NTNU og platekontrakt med ECM!