Full gass for eurovisjons-jazz

Linda Eide (Foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)
Linda Eide (Foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)

Var du ikkje i Gamlekinoen laurdag ettermiddag, seier du? Då var du ein av få, for så tettpakka har ikkje Gamlekinoen vore på lenge! Linda Eide tok eit lydhøyrt publikum med på ein herleg gjennomgang av Eurovision Song Contest si historie via friske innspel, frekke insinuasjonar og freidig fløytespel. Denne songkonkurransen fekk Europa til å samle seg framfor tv-skjermen, og er på mange måtar eit melodisk fredsprosjekt. Gjennom historiske tilbakeblikk, humoristiske skråblikk og musikalske krumspring klarar Linda Eide meisterstykket å samle jazzpublikummet med dette forrykkande edutainment-showet, til allsong og allmenn jubel.

Saman med Sjur Hjeltnes baud ho på finsk feel-good, Arne Nordheim-cover i gassmaske på ei røyklagt scene og «Jeg vet om en gammel mann» to oktavar høgare enn originalen. Og publikum er over seg av begeistring når ho slår til med ein saksofon-solo som knyttar jazzslagaren «Take five» med den nemnde eurovisjons-hiten som er skriven av Arne Bendiksen. Entusiasmen blir uansett ikkje mindre når ho freidig går over i improvisert frijazz, i takt, utakt og skeiv takt. Dette må då gå inn i Vossa Jazz-historia som ein av dei frekkaste amatør-soloane me har høyrt? Som Sjur Hjeltnes sjølv utbraut: «Det e jazz! Alt e lov!» Og alt er love, mellom Eide og publikum og mellom jazz og eurovisjonen.

Del gjerne!