Frydefull Frida

frida_annevik_-_sigvor_d._mala

Når ein høyrer musikken til Frida Ånnevik er det som ein sit i ein bil gjennom eit vinterkaldt Noreg ein stad aust i Noreg. Inni bilen er det varmt og ut ifrå høgtalarane strøymer røysta til Frida Ånnevik. Sterke låtar og ei stø popstemme på klingande hedmarksdialekt samlar utttrykket til solid norsk popmusikk i eit nedstrippa men fyldig musikkbilete. Såre songar med assosiasjonar til Alf Prøysen får hjarta til å brista men den varme røysta trøystar – det skal godt gjerast å ikkje verta rørd. Det er nydelege tonar som gjer så vondt så vondt. Men ikkje alt var trist og blått ein var og innom florlette vårsongar med håp om ein varm sommar – “vinden skal ein gong snu”. Ein fullsett festsal folk stod langs veggane og i midtgangen for å få plass og ikkje ein lyd! Stemninga var så intim at det kjendes som om du sat aleine ved kjøkenbordet med ei flaske raudvin einsam med kun radioen som trufast følgjesvein. Og den røysta som kjem ut av radioen som trøyst den er Frida Ånnevik si.

Del gjerne!