Frijazzgudfar med fersk trio

Foto: Gjerstad/Oswald/Asheim

GJERSTAD/OSWALD/ASHEIM 

Frode Gjerstad – saksofon 
Margaux Oswald – piano 
Ivar Myrset Asheim – trommer 
 
Med felles klang i fokus, har Gjerstad, Oswald og Asheim eit intenst og dynamisk samspel. Den improviserte musikken deira bevegar seg frå energiske frijazz-liknande passasjer til opne melodiske og rytmiske landskap. Trioen møttes under Gjerstads vekelange artist-in-residence-opphald i København, februar 2024. Eit møte som ga full jubel frå publikum etter deira første konsert i København, noko som sat fart i et nytt og spanande samarbeid, plateutgjeving og turné same år. Frode Gjerstad har  med over 200 utgjevingar sidan  80-talet hatt ei heilt spesiell rolle innan norsk frijazz, i tillegg til å ha etablert seg som ein betydeleg saksofonist på den internasjonale scena. Med seg har han med seg fransk-filippinske Margaux Oswald på piano og Spellemannpris-vinnande Ivar Myrset Asheim på trommer. 

Du kan sjå dei i Jazzklubben på Park sundag 13. april.

Del gjerne!