Frida Ånnevik til Vossa Jazz

2010 var eit godt år for norsk musikk. NRK P1 kåra at den beste av dei alle var Frida Ånnevik med plata «Synlige hjerteslag».

Gode tekstar sterke låtar og produksjon av Andreas Mjøs frå Jaga Jazzist er solid grunnlag for å gjera seg fortent til ei slik æresutnemning. Thomas Dybdahl er nemnt som musikalsk slektning – ei blanding av viser og pop som appellerer til både unge og vaksne. Kritikarane har ikkje haldt tilbake og har allereie kåra ho til den nye vaksenpopdronninga!


Frida Ånnevik er nominert til spellemannspris både i visekategorien og som årets nykomar!

http://fridaannevik.no/