Fri jazz i fri flyt

Gjerstad/Lonberg-Holm
foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Frode Gjerstad er ei legende i norsk frijazz og har med seg Fred Lonberg-Holm på årets Vossa Jazz. Saman inviterte dei tilhøyrarane inn i Osasalen laurdag ettermiddag. Dei utfordra kvarandre med improvisert samspel og frie tolkingar. I fri flyt utforska dei spanande lydbilete, som utroleg nok bare kjem frå ein klarinett og ein cello.

Saman gav Gjerstad og Lonberg-Holm oss ein god start på ettermiddagen, og ein kan no gle seg til å høyre og sjå jazzen flyta vidare i fri dressur utover laurdagskvelden.

Del gjerne!