Free Moby Dick; ei musikalsk sonarstudie

webexport_odin_vannmelon_mobydick_web-2289

Ved hjelp av klassiske basslinjer døsige saxofonar og suggregerande rytmar tek Free Moby Dick oss med på ei musikalsk reise gjennom ulike stilar og epokar. Prosjektet består av Stefan Pasborg på perkusjon Mikko Innanen og Liudas Mockunas på saksofonar og Nicolai Munch-Hansen på bass. Elementa frå solid 70-talsrock kan sporast i mellom anna kvartetten si tolking av Black Sabbath sin «Iron Man». Freidig flørtar dei vidare med klassikarar som Tom Waits og The Rolling Stones. Sjangermessig leikar dei seg i eit landskap der blåtonar og frekke riff finn kvarandre og fungerer. Resultatet er improvisatorisk taktfullt og melodiøst.

Del gjerne!