Fredagsmagi i Pentagon

Lord Kelvin er ein uortodoks men på same tid kul og original instrumentsamansetjing og frå det augeblikket dei entra scena vert publikum trollbunden av deira leikne saxofontonar i kombinasjon med dei stemningsfulle og djupe tonane frå trombonen. Og gjennom treklangen frå scena fekk dei frammøtte i eit nesten fullsatt Pentagon ei musikalsk reise elegant lagt opp som ei berg-og-dalbane av groovy og rockete jazz kor enkelte av toppunkta var so intense at sølv dei tøffaste gutane fekk gåsehud før trioen bremsa ned og avslutta med eit litt roligare avslutningsnummer som høysta lang og velfortent applaus.

Då Lord Kelvin gjekk av scena like før midnatt fredag kveld var der fortsatt mange artistar igjen på programmet til Vossajazz 2012 men det er i alle fall sikkert at lista vert i alle fall ikkje lågare for dei artistane som skal opp på scena dei neste to dagane.