Fransk forføring i Fraktgodsen

Jeanne Added si stemmeprakt løftar heile Fraktgodsen det er poetisk sårt og inderleg. Regien har Vincent Courtois og han smeltar rock pop og jazz i ei herleg og unik blanding. 

Vincent Courtois trio nyttar instrumenta på ein heilt ny måte og cello vert el-gitar og trombonen fuzza opp. Ein god lyd-designar er med å gjera opplevinga komplett. I det fantastiske programmet til Vossajazz er kanskje dette det hemmelege høgdpunktet og konserten i Fraktgodsen er av dei sjeldne.

Vive la France!