Framtida til norsk jazz er i trygge hender

ungjajazzja

Sundag føremiddag var det duka for ung jazzglede i Festsalen på Park. Då stod UNGjaJazzja på programmet ungdomssatsinga til Vossa Jazz. Over 100 unge og vaksne publikummarar møtte opp for å sjå dei spirande talenta frå Voss.

Konserten bestod av fire forskjellige konstellasjonar og bandet med dei yngste medlemmane String Thing var først ute. Dei to neste konstellasjonane var naturleg nok ikkje namngitt endå då dei vart danna for to dagar sidan. Spelegleda var imponerande og me får garantert sjå meir av dei i framtida! Det siste bandet Grey Delay var i aldersgruppa 13-15 år og dette bandet viste stort musikalsk mangfald med si eiga tolking av Pink Floyd´s ”Air”.

Del gjerne!