Fraktgodsen i gyldne eksplosjonar

marius_neset_-_sigvor_mala

Den djerve unge saksofonisten Marius Neset med sine særs dyktige medmusikantar i Golden Xplosion hadde æra av å vera først ute i Fraktgodsen på denne Vossa Jazz-festivalen. Og med slik ein start lovar det verkeleg godt for resten av rekka med gilde konsertar. Neset har allereie skapt merksemd langt utover landegrensene og eit begeistra publikum var denne kvelden aldri i tvil kvifor. Med eit leikande og vitalt men samstundes tett og samkøyrd lydbilete var dette ein strålande og forfriskande konsert frå ein utruleg spanande kvartett. For dei som gjekk glipp av konserten så gjorde NRK opptak som blir sendt på P2!

Del gjerne!