Frå Zappa til Sundfør – and beyond!

Jazzlinja i Trondheim (Foto: Vossajazz/ Eirik Åsheim)
Jazzlinja i Trondheim (Foto: Vossajazz/ Eirik Åsheim)

Tradisjonen tru tjuvstarta Jazzlinja i Trondheim festivalhelga, denne gongen i Festsalen, med konsertkonseptet Epic Jazz Compilation. Etter ein fin presentasjon av Trude Storheim, og ein varm applaus frå publikum, byrja ein verkeleg episk og mangfaldig jazzkonsert frå eit knippe artistar som garantert kjem til å prege norsk jazz i åra som kjem.

Det var tydeleg at musikken appellerte til publikum, då mobilane stadig fayk i vêret for å filma og ta bilete av dei dyktige studentane. Alle dei ti musikarane bidrog med sjølvkomponerte låtar, noko som førte til eit svært vidtfemnande og variert uttrykk. Ensemblet suste innom alle mogelege sjangrar og drog veksel på alt frå zappaeske taktskifte, dristig undergunnshiphop og spoken word til Susanne Sundfør-prega synth og vokal.

Del gjerne!