Frå Mummidalen til Spanskekysten

Hanna Paulsberg Concept
Foto: Vossa Jazz / Eirik Åsheim

Kvartetten Hanna Paulsberg Concept overtok Pentagon under Vossa Jazz fullstendig og greip publikum på sin sleppekonsert for tredjeplata Eastern Smiles. Frontfiguren styrte showet med saksofonen, men lot også dei andre instrumenta (bass, piano, trommer) blomstre i flotte og varierte harmoniar. Konserten pendla uanstrengt mellom tradisjonell jazz med særeigen vri og lettbeinte rytmar. Bandet rørte publikum med lågmælte tonar, og fekk det same publikummet til å svinge med på den artige «Hemulen på byen».

Medan delar av publikum sat på golvet framfor scena, spelte Paulsberg & co songar med referansar til både Mummi og bibelen. Då bandet avslutta hovudnummeret med spanske rytmar – ein hyllest til ei tidligare avstandsforelsking – fekk også dei sittande problem med å halde seg i ro. Då kvartetten avslutta med sitt meir neddempa ekstranummer, gjorde dei ein mangfaldig konsert fullkomen.

Sjå bileta frå konserten her.

Del gjerne!