Frå langeleik til ørkensus

sudandudan_adnedyrnesli-1_3

Overtydande byr duoen Sudan Dudan på springarar og balladar dei musikalske inspirasjonane er verdsomspennande. Innimellom norsk tradisjonell folkemusikk dreg dei med seg innspel frå folk country og innimellom høyrer ein ørkensus. Med gitar munnharpe og langeleik leitar duoen fram songskattar der sogene elegant supplerer musikken. Somme soger er morosame andre triste og somme berre vakre. Mellom anna får me høyra om langeleiken sitt opphav og om korleis frikarar og spelemenn skal unngå oppkrevjaren nå skatten skal inn. Om Sudan Dudan går inn for å trollbinda publikum denne stunda lukkast dei i det. Frå fyrste tone er det allereie klart; ekstranummer er i kjømda!

Del gjerne!