Frå kreditnota til løpenotar

Tenk om alle bankbesøk kunne ha vore like trivelege som denne fredagsturen til Voss Sparebank? Purringar og inkassovarsel var erstatta med sprudlande trompet og saksofon, raude tal med blåtonar, kreditnota med løpenotar.

Griegakademiet i Bergen er ein hovudleverandør og -utviklar når det kjem til unge, spanande jazztalent. Dette utvalet studentar var ikkje noko unntak. Å setja penger på at me kjem til å sjå meir av desse musikarane i åra som kjem vil nok gje betrakteleg høgare vinst enn både høgrentekonto, indeksfond og tippekupongar til saman!