Frå fjelljazz til djupe skogar

Arild Andersen Quartet (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)
Arild Andersen Quartet (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

«Kva er det jazzen har, som ikkje-jazzen nokre gonger manglar?» spurde Jan Erik Vold då han sytte for den offisielle opninga av Vossa Jazz 2018. Svaret kom frå jazzbautaen Arild Andersen og dei eminente medmusikantane i Vossasalen, fredag kveld.

Det bobla over av speleglede frå ende til annan – Andersen sjølv gliste og lo gjennom den snaut to timar korte konserten. Med seg på laget hadde han instrumentalistar frå øvste hylle, nemleg Gard Nilssen (slagverk), Helge Lien (tangentar) og Marius Neset (saksofon). Dei fekk både vist seg som stødige medmusikantar og skinande solistar, der spesielt Neset sin prestasjon førte til øyredøyvande applaus og jubel i den fullstappa Vossasalen.

«Fjelljazz» har det vorte kalla – soundet som oppstod med musikarar som Andersen, Jan Garbarek og Terje Rypdal og deira ECM-utgjevingar på 1970-talet. Og riktignok, opningslåten tok oss med til fjells. Men dette var ingen kjedeleg tur på gamle stiar – Andersen sitt basspel sprang av garde i lyngen, lett på fot, over stokk og stein. Sidan bar det ned i djupe, mørke skogar, med Helge Lien sitt eminente, «skognære» pianospel. Det musikalske landskapet var med andre ord i stadig forandring.

Det jazzen har, som «ikkje-jazzen» i allefall manglar, er Arild Andersen Quartet.

Del gjerne!