Frå Dixieland til Vossastrand – eit jazzshow det swinga av!

Linda Eide (Foto: Vossa Jazz / Olav Aga)
Linda Eide (Foto: Vossa Jazz / Olav Aga)

Eide og Hjeltnes presenterte ein velmeint guide til alle som elskar jazz men ikkje har alle omgrepa på plass. Og for ein guide det skulle verta. Ein historietime for historiebøkene! Her var det sjarm, stemning og latter frå fyrste strofe. Publikum fekk humor, stemning og fakta i fin symfoni – til og med ein radbrekka Grieg! Kan alt rufsast til? Tydelegvis – heldigvis! Sjølv om humoren var i høgsete var det og rom for meir alvorlege blå undertonar av jazzhistoria. Eide balanserte dette på ypparleg vis, gav rom for det såre, før ho gav jazz vidare. 

På sjarmerande vis losa den røynde duoen ein smekkful kinosal frå ragtime til fusion, med ihopp av skreddarsydd Vossaslang. Publikumfrieriet nådde nye høgder med ein shufflande Sjur Hjeltnes, med Kåre Opheim som gjestetrommis. Saman danna dei tre ein unik jazztrio av trommer, flygel og blokkfløyte. Dette var ein historietime som verkeleg gav jazz! 

Del gjerne!