Folkrap

tilkari

Høyrt om folkrap før? Det er duka for sjangerhopp deluxe når det beste av vestnorsk folkemusikk møter det beste av austnorsk hiphop: Toraderspelar Rannveig Djønne og felespelar Annlaug Børsheim møter rytmar og bass frå DJ Tommy Tee og rappar André Hadland alias Son of Light!

Folkrap vil i fyrste omgang bestå av ein konsert der skreddarsydde verk er utvikla i samarbeid. Det unike lydbildet gjenspeglar storbyen med asfalt og betong og fjord og fjell på Vestlandet. Det at sjangerane ikkje lenger avgrensar musikken fører til spennande resultat. Dette er både for dei som elskar felespel og for dei som diggar hiphop. Begge har kanskje godt av eit lite innblikk i den andre si verd?
Rannveig Djønne – toradar
Annlaug Børsheim – fele gitar vokal
Tommy Tee – DJ
Andre Hadland – rapvokal

In English:
Ever encountered folkrap? An exciting genre leap is about to take place as Norwegian folk music merges with hip hop. Accordion and fiddle joins forces with electronic rhythms and rap. From West-Norway Rannveig Djønne and Annlaug Børsheim represents fjords and mountains and DJ Tommy Tee and rapper Son of Light adds conrete and asphalt from Oslo. Totally acceptable in today’s modern world – and totally exciting!

Del gjerne!