Folkemusikk som resultat av kulturmøte

Friensemblet (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Friensemblet (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Osasalen i Ole Bull Akademiet er ein folkemusikkbastion. Her har tallause folkemusikarar trådt sine fyrste, famlande springarsteg, lært sine fyrste slåttar og kveda «eg er liten eg men eg vaoga meg» sidan oppstarten på 70-talet. Skal me verkeleg ta framande folketradisjonar, jazz og omkringliggjanda sjangrar inn her, i folkmusikken sitt aller mest heilage?

Eit rungande JA! er svaret frå Mathilde Grooss Viddal og FriEnsemblet. Folkemusikken er i sitt vesen nemleg ikkje noko statisk og stilleståande som må vernast om og beskyttast mot ukjende inntrykk. Tvert imot er folkemusikken sjølv eit resultat av kulturmøte, som bandleiar Grooss Viddal understreka. Den er ein organisk heilskap, som har vakse og utvikla seg til det den er i dag ved å ta til seg framande impulsar. Slik sett er FriEnsemblet si friske blanding av nordiske middelalderballadar, nyare folkemusikk, skandinavisk samtidsjazz og tonar frå midtausten den naturlege vegen vidare for ein sterk og open folkemusikk.

Del gjerne!