Folkelege favorittar i ny landslagsdrakt

Landslaget for spelemenn foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
Landslaget for spelemenn foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Urframføringa av «Landslaget for spelemenn» vann publikum i Idrettshallen laurdag. FolkOrg feirar 100 år, og med Vossa Jazz sin tette tilknyting til norsk folkemusikk var konserten ein stilriktig samankomst med nokre av dei beste musikarane i landet.

Med opning av eit Voss Spelemannslag på heimebane følgd av kvedardronninga Kirsten Bråthen Berg var stemninga magisk frå fyrste stund. Under leiing av den slagkraftige slagverksstjerna Veslemøy Narvesen fekk publikum deretter levert folkelege favorittar på rekke og rad, sydd ihop av den folkekjære forteljaren Liv Gulbrandsen. Med jazzar og folkebassar Sondre Meisfjord, den grepne gitaristen Juhani Silvola, den framifrå felespelaren Nina Fjeldet, allsidige Ronny Kjøsen samt samklangen til radarparet Tuva Syvertsen og Erik Sollid var musikken solid ståpels-materiale. Då det røyna på var det trumfkorta frå innbytarbenken Tore Brunborg og Stian Carstensen som kom på banen og sikra sigeren med sjølvsikker sjarm og svisk.

Del gjerne!