Folkefest på Torget

Kva får du om du samlar Jazzlinja i Trondheim, Drilltroppen i Voss Skulemusikk, Evanger Musikklag og rytmekyndige vossingar utanfor Tre Brør ein Laurdags føremiddag? Ein folkefest!

Jazzlinja satt an tonen med Drilltroppen og opna opp ei gigantisk kasse med rytmeinstrument til alle som kjende seg kalla, ung som gammal. Plutseleg var heile torget røynde jazzarar. Festen fortsette leia an av Olav Undeland og Evanger Musikklag, med ein jazzparade igjennom Voss sine gater frå torget til Kulturhuset.

Stuntkonserten og paraden vart ein humørspreiar for alle den var i kontakt med, og satt akkurat den rette stemninga for resten av dagen og kvelden!