Folkeeventyr frå VossaKvarts

vossakvartz_foto-brynjar_vik-2

Den godt etablerte folkemusikkgruppa Kvarts leverte eit eventyr av ein konsert på Fraktgodsen laurdag. Verket hadde uframføring på Vossa Jazz og med nesten full sal vart bandet mottatt med lange applausar mellom kvart nummer. Med spanande perkusjon frå Birger Mistereggen herleg energisk saksofon frå Torben Snekkestad ivrig felespel frå Øysten Rudi og deilig piano frå Helge Lien var konserten eit mesterverk. Ein smilande trekkspelar Jo Asgeir Lie og morosame kommentarar bra kontrabass og munnharpe frå Tom Willy Rustad gjorde konserten komplett. Sist men ikkje minst Erlend Styve på gitar som og framførte ein rørande og flott voggesong han hadde laga til sonen sin. Ståande applaus på slutten av konserten var vel fortent.

Del gjerne!