Fodne ho svara stilt

luke_17_fodne_minus_kristin

«Fodne ho svara stilt» vart til som eit ynskje om å formidla nokre av dei mange vakre folketonane frå Hardanger som Geirr Tveitt i si tid samla. I 2008 var det hundre år sidan han var fødd og CDen kom ut det året. Eit særdeles kompetent ensemble står bak utgjevinga: Åsne Valland Nordli og Berit Opheim Versto syng Benedicte Maurseth syng og spelar hardingfele. Sigbjørn Apeland spelar trøorgel på liveframføringa.

Alle arrangementa er sjølvlaga og dei tek i bruk trestemt song og improvisasjon i tillegg til solosong. Her er det snakk om vokalprestasjonar frå aller øvste hylle. På Vossa Jazz er repertoaret utvida med folketonar frå Voss og Hardanger eigen nylaga musikk og endå større vekt på improvisasjonsaspektet. Det eit påfallande trekk at folketonane frå Hardanger svingar mellom melankoli og det humørfylte svingingar ein kan sjå fram til å få med seg!
Åsne Valland Norli – vokal
Berit Opheim Versto – vokal
Benedicte Maurseth – vokal og fele
Sigbjørn Apeland – trøorgel

 

In English: «The glacier softly answered»
The famous composer Geirr Tveitt from Hardanger would have celebrated his 100th birthday in 2008. This concert honours him and his works the title echoing his love for folk music nature and the view from his home which overlooked the Folgefonna glacier. The three accomplished singers Åsne Valland Nordli Berit Opheim Versto and Benedicte Maurseth have arranged the folk tunes themselves harmonising and improvising. Sigbjørn Apeland plays the traditional harmonium. And as is typical for folk music from Hardanger melancholy and cheerfulness go hand in hand.

Del gjerne!