Flust av Spellemenn til Voss

Karl Seglem foto: Oddleiv Apneseth

I årets Vossa Jazz-program kryr det av artistar som er nominerte til Spellemannsprisen!

I klassen «Viser» er Frida Ånnevik nominert ho er òg nominert i klassen Årets nykommer for albumet «Synlige hjerteslag». I klasse Popgruppe er deLillos nok eingong med i kampen om pris. I Åpen klasse er det to nominerte Karl Seglem og PelBo som kjem til Vossa Jazz. Karl Seglem er årets Ekstremjazzkomponist. I klassen Jazz er Vossa Jazz-aktuelle artistar som Trondheim Jazzokester og Paolo Vinaccia blant dei håpefulle.