Fliflet/Hamre-konserten avlyst – eller?

Fliflet Hamre 2021 Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem
Fliflet Hamre 2021 Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem

Det blei ein forvirrande sorti for ”der Verückteste Orkester Scandinaviens”. I følge sine eigne søk på det mørke nettet er det lite gehør for at dei kapra ein pressekonferanse for Leningrad Cowboys eller at Gabriel Fliflet står i ledetog med sjølvaste Paven. Faktisk blei det betvila om den bergenske fyrverkeri-duoen i det heile teke eksisterte.

Det er ikkje fyrste gong dei er på Vossa Jazz, faktisk er det tjue år sidan dei sist heldt opningskonsert og heile tretti år sidan dei fyrst slo gneistane sine saman til Fliflet/Hamre Energiforsyning. Endå meir energi fekk dei forsynt denne gongen med Rolf Erik Nystrøm sine oppfinnsame blåseinstrument og Thea Hjelmeland si traktering av stemmeband og gitarstrengar.

Til mykje latter og mykje gjensynsglede avslutta dei med eit smell – bokstaveleg tala. Trampeklappen etter ekstranummeret la seg, festivalsjef Trude kunne stadfesta at det var slått fast: Fliflet/Hamre eksisterer ikkje. Konserten var avlyst, etter konsertslutt – det er ein fyrste gong for alt. Og BANG så var Gabriel Fliflet og Ole Hamre vekk. Heldigvis er det ein sjanse for at spøkefuglane kjem flygande tilbake og kvitrar igjen.

Del gjerne!