Fleire musikalske perler

GOURMET
er ei sprelsk, leiken og mangslungen musikalsk-kulinarisk oppleving utanom det vanlege! Den finske supergruppa oppstod i 1997, då saksofonist Mikko Innanen og gitarist Esa Onttonen stilte kvarandre spørsmålet: “What if Duke Ellington, Tom Waits, Carlos Gardel and Charlie Haden met at a kebab kiosk somewhere in rural Finland?” Svaret ligg og lurar i det samansette uttrykket til bandet, der finsk tango finn saman med balkansk energi, gresk bouzouki, moderne avantgardejazz og latinske danserytmar med humør, virtuositet og speleglede.

Mikko Innanen – saksofonar
Esa Onttonen – gitar
Ilmari Pohjola – trombone
Veli Kujala – akkordion
Petri Keskitalo – tuba
Mika Kallio – trommer

ERLEND APNESETH TRIO OG FRODE HALTLI
kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Med dei to føregåande albuma på plateselskapet Hubro har trioen teikna opp eit heilt nytt landskap i grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sidan debuten i 2016 har dei blitt rost opp i skyene av både norsk og internasjonal presse, blitt nominert til to spellemannprisar og turnert omfattande både i Noreg og utlandet.

På dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli, kjent som ein av våre fremste samtidsmusikarar. Han har eit utal innspelingar og samarbeid bak seg i fleire sjangrar, ofte med folkemusikken i botn – som hans seinaste kritikikarroste prosjekt «Avant Folk», som òg spelar på Vossa Jazz 2019. Det er duka for eit heilt spesielt møte mellom nokre av dei fremste utøvarane på den eksperimentelle scena i dag.

Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – barytongitar, elektronikk
Øyvind Hegg Lunde – trommer, perkusjon
Frode Haltli – akkordeon

FRIDA ÅNNEVIK
har dei sistå åra etablert seg som ei viktig og vakker stemme i det norske musikklandskapet. Med fire strålande utgjevingar bak seg har ho hausta strålande kritikkar, lovord frå musikkelskarar og tre Spellemann-prisar. Ho kjem til Vossa Jazz saman med gitarist Haldor Røyne og pianist Andreas Stensland Løwe for å presentera det nye plateprosjektet «Andre sanger»:

– «Andre sanger» er et plateprosjekt som har blitt til over flere år. Det er en coverplate med sanger fra et vidt spenn av artister og låtskrivere: det er sanger jeg har sneket inn som ekstranummer i konsertene mine, det er sanger fra forbildene mine, trøstesanger til meg sjøl og sanger som jeg har lurt på hvordan ville høres ut på norsk, seier Ånnevik sjølv om prosjektet.

Med spanande norske versjonar av låtar frå mellom andre Joni Mitchell, Spice Girls og Janis Ian lovar Ånnevik, Røyne og Løwe høg gåsehudfaktor og ei heilt spesiell konsertoppleving på Vossa Jazz!

Frida Ånnevik – vokal
Haldor Røyne – gitar
Andreas Stensland Løwe – tangentar