Flaum i salen med Storm på scena

Hannah Storm. Foto: Vossa Jazz/Iver Finne
Hannah Storm. Foto: Vossa Jazz/Iver Finne

Kjære dagbok,

I kveld eg vitne til ein storm på scena. Faktisk var det Hannah Storm, og eg meinte ordspelet. For å byrja var det ein kar som sa til meg at eg måtte sjå Hannah (ja, han var på fornamn) (og nei, eg veit ikkje om han kjende Hannah Storm).

Ho var glitrande, trass i at ho var kledd i ein glitterkjole. Eg vart jo blenda av kjolen. Og stemma? Ja, den var jo noko anna. Ho høyrdest jo ut som ein engel med stemma til Angel Olsen. Sjølvsagt vart eg døv, eller ikkje døv, eg vil berre ikkje høyra noko anna enn Hannah sin musikk i øyrene.

Eg kjenner at du, kjære dagbok, vil vita meir om bandet. Vel, dei kledde seg i Vossa Jazz sine t-skjorter (kva meir kan ein be om? Bandet fortener også merksemd i deg, dagbok). Det var ein fengjande bass av spela av Leon Torskangerpoll, ein psykaldelisk gitar som vart spelt av Mathias Marstrander (ikkje noko allitersjon meint), ein synth som tangerer nestan Storm(en), og ein vokalist som eg ikkje fekk med meg men som pressesjefen vil finna ut av.

Uansett vart eg våt i augene (som alle andre på Vossajazz) av den Stormen som briljerte i Vossasalen.

Del gjerne!