Petter Wettre-07

Flashar finesse i finstemt bravur

Den fyrste flygeltangenten lear på seg, kontrabassen byrjar buldra og cymbalane kjem sildrande. Me er på søndagstur i jetteskogen, i bylivet langs seinen, under ein klår nattehimmel med gneistrande frost og tindrande stjerner, alt på ein gong og på skjønnaste vis. 

Wettre deler scene med verdsvante musikarar som flippar trommestikker, serverer soloar, flashar finesser og haustar hommage som ingenting var. Om det finst noko slikt som ein drusteleg søndag, så veit Petter Wettre å gje oss nett det.

Artikkel under:

Arkiv