Finsk trerettar, med dessert

Gourmet (Foto: Jan Granlie/Salt Peanuts)
Gourmet (Foto: Jan Granlie/Salt Peanuts)

Kulinarisk mangfald i Festsalen laurdag kveld! Gourmet diska opp med den eine smakfulle musikalske godbiten etter den andre. Med knusktørr finsk humor, livlege arrangement og sjangeroverskridande kombinasjonar gjorde gruppa reint bord hjå festivalpublikummet.

Gruppa skildra alt frå kattens nattlege eventyr, deltaar frå Mekong til Mississippi og konspirasjonar kring den finske etteretningstenesta. Sundag er sjølvaste valdagen i Finland. Avhengig av utfallet, kan dette ha vore siste gong me høyrar sistnemde låt.

Gourmet veit å avslutta i stil. Saksofonisten gjekk fullstendig i snurr, trombonespelaren gjekk til angrep på scenegolv med stomp gjenstand, medan trekkspelaren trakk og pumpa på til sveitten spruta. Om ikkje dette fall i smak, burde ein berre ta seg ein bolle – eller i beste fall ein pulla [red. anm: populært finsk bakverk, laga med egg, mel, sukker og kardemomme, og av og til rosin].

Del gjerne!