
Finale med Busk
Etter 15 års sakn har no orginalbesetninga til Vidar Busk & His true Believers endeleg samla seg att. Ein kan nok glatt hevda att Busk er ein av våre finaste og mest verdsette bluesgitaristar. Det synte han til fulle i Pentagon under den siste konserten på årets fabelaktige Vossa Jazz. I kledeleg gul påskedress metta han eit blueshungrig vossapublikum med gitarsoloar som frelste dei som enda ikkje var truande.
17. april 2011
Les meir om:
Artikkel under: