Feststemning med Räfven!

rafven_001

Räfven spela laurdag sin tredje konsert på Vossa Jazz og det er ikkje utan grunn at dette bandet har fått så mykje speletid. Dei er ein eksplosjon av eit sceneband med godt humør og blei fort ein av publikumsfavorittane på festivalen. Den uhøgtidelege og energiske væremåten på scena smitta over på publikum som hadde vanskelig for å halde dansefoten i ro og då konserten var ferdig blei dei nærast nekta å gå av scena utan å framføre opptil fleire ekstranummer. Räfven spelar ei god blanding av svensk og aust-europeisk folkemusikk med eit voldsomt tempo og engasjement.

Del gjerne!