Festivaldiktar Olaug Nilssen

Foto: Eivind Senneset

Festivaldiktar 2025
 
Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg, og forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor. Det er ei stor ære for oss å ha Olaug Nilssen med som årets festivaldiktar!

Du kan sjå ho på scena under opningskonserten i Vossasalen 11. april.

Del gjerne!