Fenomenal ferd gjennom lys og mørke, musikalske verder og alle eksisterende kjensler

Foto: Stein Urheim Vossa Jazz/Odin Drønen

Stein Urheim entra scena på Gamlekinoen i selskap med ei gruppe beståande av anerkjente og ikkje minst eksepsjonelt dyktige musikarar: Per Jørgensen på trompet, Kjetil Møster på saksofonar, Ole Morten Vågan på kontrabass og Kåre Opheim på trommer og perkusjon.
Jazzstjerner mange allereie har kjennskap til, og jammen tok dei med tilhøyrarane til
stjernene og forbi, då dei spelte Stein Urheim sitt splitter nye verk.

Konserten dei leverte var ein fargerik berg- og dalbane sett saman av ulike stilarter,
uttrykk og referansar, eit kompleks lydbilete på alle moglege måtar. Det var forfriskande å kunne lene seg tilbake i stolen til lyden av folkemusikkinspirerte, varme og rymiske tonar, eller la seg bergta av intensiteten i dei mest heftige og improviserte klimaksa. Som å vandre inn i eit kontrastfylt landskap – vilt og vakkert på same tid, melankolsk og sårt i den eine augneblunken, flytande og sprudlande energisk i det neste. Men det var kontroll på kontrastane, ein behageleg balanse prega heila stykket. Ein skjønar jo fort kva for eit tindrande talent disse karene har å by på, men ein kan òg merke seg alt arbeidet som er lagt ned i komposisjonen.

Ein audmjuk Urheim takka både musikarar og tilhøyrarar etter konserten, og alle i salen reiste seg medan dei applauderte, for å sjølv kunne takke for den formidable
musikalske forteljinga dei nett hadde vore vitne til.

Del gjerne!