
Fengslande Draksler
Det er ikkje heilt enkelt å skildra den stemninga Kaja Draksler formidla med musikken sin i Festsalen på Park hotell fredag kveld. Det var ein konsert fylt av motsetnader. Mystisk og tilgjengeleg tungt og lett lyst om mørkt høgt og lågt – alt på ei og same tid. Draksler fengsla publikum med eit pianospel som var av den hypnotiske sorten. Sanem Kalfa akkompagnerte med song som vanskelig kan setjast i nokon kategori. Det var tidvis vanskeleg å skilje mellom kva som var lyden av stemma hennar og kva som var instrumentelle lydar. Piano og vokal utfylte kvarandre i eit nydeleg samspel. Resultatet vart ein konsert med eit uttrykk som verkjeleg gjorde inntrykk.
31. mars 2012
Les meir om:
Artikkel under: