Sjølv tidleg på ein sundag var det mange som møtte i Gamlekinofoajeen då Lars «makaren Mossefinn og Trude «den» Storheim gjesta Audun Vinger sin siste akt av Jazznytt 18.
Som Ola Mosafinn er fela og folkemusikken sin formann her i bygda, er den nærmast namnebroren Mossefinn Vossa Jazzens far – i ung alder så å merke: han var berre 19 år den 19. desember i 1973, då vennegjengen sendte ut ei pressemelding om jazzfestival på Voss, og det før ein einaste artist var engasjert! Sidan har det vorte mange heftige historier, frå logistiske blemmer som privatfly på veg til Gøteborg og taxitur rundt Hardanger, til magiske møte som jazzjam på Park med Dexter Gordon og Joe Henderson.
Har Vossingar verdas villaste visjonar? Korleis kan dei kapre kulturstønad og kontrollere kunstens konstante kvin?
–Det er noko i vossavatnet, ein mentalitet der alt er mogeleg, talte Trude «den» Storheim til sine underslåttar. –Å gje seg er ikkje eit alternativ, ingen kan stoppe oss!
Hintar Trude med dette mot ei framtid med fullstendig festival fullmakt over Vossevangen? Femti år med jazz som ljomar gjennom gatene og beslaglegg bygda i bebopens boble er bak (v)oss, men heldigvis vil sentrum swinge, friviljuge fikse, teknikarar trylle og liv late seg lysna av mektige musikkopplevingar i femti festivhelger til.