Feit meny på Jolajazz

motiv_kyrkjespir_0

Sister Sadie og Nightlights frå UNGjaJAZZja / Olav Undeland / D’funker / Novgorod /
Klovning – Tveite – Jensen / Bitu & the Bandits / Prince Generations
Klovning – Tveite – Jensen er ein ung jazztrio med lovande musikarar som studerer ved jazzlinjene i Trondheim og Bergen. Bandet leverer eigne komposisjonar standardlåtar og fri improvisasjon.
– Marius Klovning/ Bjørnar Kaldefoss Tveite/ Mads Jensen
Novgorod – finsk humppa jødisk tango og lengselsfull vals.
Dette stjernelaget har følgjande bodskap å levera: «Novgorod vil hente musikken som er russisk finsk jødisk nordsvensk sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk – vill og vital!»
– Gabriel Fliflet / David Vogt /Jørgen Sandvik / Kristoffer Vogt
Bitu & the Bandits består av ein gjeng fantastiske Bergens-musikarar som plutseleg ein dag oppdaga at dei hadde ein felles lidenskap for reggae og ska. Utgangspunktet til dette bandet var ein djup fascinasjon av den skånske reggae- og bluesartisten Peps Persson og hans Blodsband. Dette iblanda karibiske og jamaicanske element så har du Bitu & the Bandits.
– Kai Taule / Christian Øverås / Stein Urheim / Einar Sogstad / Øystein Bergsvik /
Anders Bitustøyl
Prince Generations – ein forrykande hyllest til ein av verdas kulaste artistar.
Gruppa består av nokre av dei fremste bergensmusikarane som alle diggar Prince! I denne konstellasjonen får dei utfalda seg som tributeband og tek alt ut på scena i beste storbandstil. Her blir det duka for funky godstemning og høg mimrefaktor for nye og gamle Prince-fans.
– Renette Marshall / Tine Taule / Mats Grønner / Thomas Nøkling / Jan Erik Reknes /
Einar Sogstad / Kai Taule / Eystein Thue / Christian Øveraas
Det heile startar på dagtid med Badnajolajazz der Pappabandet held ynskjekonsert etterfulgt av gratiskonsert med band frå UNGjaJAZZja.
Billettsalet er i gang! Sjå www.vossajazz.no for meir info.
Trude Storheim
Dagleg leiar – tlf. 56 52 99 11 / 957 61 257

Del gjerne!