Feinschmecker jazz

andy_sheppard

”You look very nice” sa Andy Sheppard til publikum ved konsertstart då ein på grunn av problem med ein brytar ikkje fekk av lyset i salen. Etter fyrste song var lysproblemet i salen fiksa og det var no bare skinet i augo til publikum som var igjen. Dette skinet var til gjengjeld sterkt og det lyste ” you sound very nice”. Andy Sheppard(saksofon) Arild Andresen(kontrabass) John Parricelli(gitar) og Kulit Bhamra(trommer og perkusjon) skapa jazz av ypperste klasse i Fraktgodsen i kveld og publikum var med på notane frå start til slutt.

Del gjerne!