Feiande frynsete frijazz på Finnesloftet

Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli
Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

Det var friskt vårlys frå vindauga. Det ruska i veggane. Det var uhemma barnleg leik. Det lukta gamalt treverk. Det var Kresten Osgood på Finnesloftet og det var ikkje til å tru. Melodika og potteplante (påskelilje) var det fyrste me fekk høyra, etterfølgt av plystring, gurgling, knipsing og buldring. Det var skamlaus leik frå ende til annan, og latteren sat laust hjå publikum. Det vart jazz med alt og for alle, og det var meir enn lov å le. Det likar me!

Musikken berre rasa ut or han. Engasjementet smitta, og Osgood heldt ikkje tilbake verken i framføringa eller innlevinga. Det heile vart ei blanding av ryddig kaos og ivrig eventyr og vart avslutta på topp med ein sjarmerande liten encore (som vart spelt på vassflasker).

Del gjerne!