i-4PpHZb8-X4

Helvetes heitt og grådig groovy

For fyrste gang på fælsleg lang tid, sat publikum med kvarandre sin pust i ryggen, skulder i skulder for å verta hugtekne av Moksha sin lune pulserande improvisasjon. Den kalde haustvossalufta kjentest stadig lenger vekke etter kvart som heten frå publikum steig mot den raude stjernehimmelen. Jazzklubben nærast rann over i blide, varme, møre jazzarar. 

Oddrun Lilja Jonsdottir på klimprande gitar, Ola Kvernberg som vikar på mjuk fele og Sanskriti Shrestha på meditativ perkusjon utfyller kvarandre til perfeksjon. Det makelause spelet mellom driv, botn og lette, lèt oss flyta med rytmen, med rommet, med rørsla. 

Artikkel under:

Arkiv