Få så fæle til å spele som Nilssen’s Acoustic Unity

Gard Nilssen's Acoustic Unity (foto: Odin Drønen)
Odin_2500

Det vart jammen jazza stemning i Jazzklubben på Park fredag kveld med supertrioen Gard Nilssen, André Roligheten og Petter Eldh. Dei to skiensgutane og den snedige svensken spelte såpass godt saman at ein mest måtte mimre tilbake til unionstida. Roligheten (sax) kunne roleg Charlie Parker-e soloen gong på gong, Nilssen trylla på trommesettet som vanleg, og Eldh brenn for basspeling så soloen mest tok fyr.

Jubelen stod i taket då konserten vart avslutta med full feiring, med gjester frå blant anna Skarbø Skulekorps og festivalkomponist Ingebrigt Håker Flaten.

Del gjerne!