Evna til å gleda!

superjazz_-_sigvor_d._mala

Den alltid like entusiastiske Mads Berven Trio hadde fått æra av å ha regi på årets Superjazz som var lagt til rette og skapt av menneske med nedsette funksjonsevner. Dette var resultat av ein workshop under leiing av ein Berven i storslag. Resultat som vart synt for ein oppglødd fullsatt sal starta som ei reise ut i verdsrommet med nevnde trio som røynde astronautar.  Dei førde oss ut på ei spanande  kosmisk  reise i eit ukjend univers.  Vi vart ført til ei trygg landing på den meir kjende  landjorda og fekk høyra eigne versjonar av kjende norske sangskattar til stor åtgaum frå ein stornøgd tilhøyrarskare.       

Del gjerne!