Every Vossa-dog has its day!

webexport_odin_realones_web-2610

Med fleirstemde harmoniar og musikkperler på ei snor let publikum seg begeistra frå fyrste sitartone. Det kan verka som om folkrocken og kjærleiken for dei gode songane er oppskrifta for å skapa ein fengjande kveld i særklasse. Det vart på ingen måte ”ein lownsome town” på Voss laurdagskvelden ein fullsett sal av feststemde jazzarar let seg forføra av smørfine fleirstemde vokalar. Bergen sine folkrockprinsar vart kongar av Vossa Jazz denne kvelden og dei gav seg ikkje før alle let seg driva inn i den draumeaktige godkjensla musikken la opp til. Og det skulle mykje til for å ikkje lata seg riva med denne kvelden bandet sjølv såg ut til å kosa seg mesterleg i Vossasalen.

Det vestlandske folkrockfyrverkeriet fekk òg celebert besøk frå sjølvaste Odd Nordstoga og taket letta seg i deira felles framføring av ”Farvel til deg”. Så livleg og hardtslåande vart avslutniga at trommesettet velta overende. Every dog has it days og denne dagen vart avslutta på beste festlege vis.

Del gjerne!