Euforisk tilstand i Vossasalen

delillos-1-2

Etter å ha vore yrkesaktive i eit kvart århundre skulle ein kanskje tru at lillosgutane etter kvart hadde mista noko av sin guteaktige sjarm. Dette er langt frå tilfellet! Med sine slepande stemmer i tydeleg Oslo Vest- sjargong og sine meiningstetta såre tekstar møtte dei eit entusiastisk publikum som hadde troppa opp og lytta forventningsfullt til sine kjære barndomsheltar.

DeLillos hadde flust av gamle svisker i ermet som rulla ut som perlar på ei snor. Desse kombinert med ein og annan låt frå det nyleg sleppte albumet ”Trist å være glad” skapte ei skjønn foreining av nytt og gamalt i Vossasalen. Sjølv om styrken i brilleglasa til Lars Lillo-Stenberg nok har auka betraktelig med åra hindra ikkje dette han i å leike seg med dei høge oktavane i det neonfarga scenelyset. Dei strengevante fingrane leverte imponerande gitarsoloar til stor glede for publikumet som nådde toppen av eufori då tonane til ”Glemte minner” og ”Kokken Tor” trefte dei sveitte øyrekanalane.

Del gjerne!