Espen Berg Trio (foto: Olav Aga/Vossa Jazz)

Espen Berg-teken! Igjen!

Laurdag ettermiddag kunne tilhøyrarane i Osasalen feire at Noreg opna opp att saman med kanskje verdas vakraste jazztrio. Espen Berg, Bárður Reinert Poulsen og Simon Olderskog Albertsen leverer verkeleg det eine musikalske meisterverket etter det andre.

Enten ein nyttar tida på å prøve å telle til ymse oddetal for finne ut kva som foregår i hovudet på musikantane, eller berre let seg flyte av garde med flygelmusikken, så er det inga diskusjon om at musikken ein her er vitne til er frå aller øvste hylle.

Publikum i Osasalen er nok korkje dei fyrste eller siste som vert Espen Berg-tekne av denne trioen!

Artikkel under:

Arkiv