Energisk lydfyrverkeri

_dsc2219-2

Det å kjenna instrumentet sitt ut og inn fekk ei heilt ny meining på det som må ha vore den mest energiske konserten laurdag kveld. For dei tre skandinavane som sto på scena dreidde det seg nemleg her om å utforska heile registera som saksofonar trommer og kontrabass har å by på. Med ein intensitet som tok fast grep i ein og verkeleg røska laus viste The Thing fram eit nærast perfekt døme godt samspel. For sjølv om det ofte kunne verka som om musikarane berre opptredde samstundes i kvar sine unike jazzverder klarte dei likevel på meisterleg vis å sameina dei eksperimentelle rytmane inn i eit einskapleg røft og ikkje minst særeige musikalsk landskap.

Del gjerne!