Endring i besetninga til Tingingsverket

Åsne Valland Nordli må diverre trekkja seg og vert ikkje med på Nils Økland sitt tingingsverk «Glødetrådar» under årets festival.

Me er svært glad for at Torbjørn Økland (fødd 1964) har takka ja til å vera med. Han er best kjend som gitarist i Vamp frå 1991 til 2013. Han har òg vore med i gruppa «Streif» og har samarbeidd med ei rekkje musikarar, mellom andre Mikis Theodorakis, Arja Saionma, Anne Grethe Preus, Kristin Skaare, Lillebjørn Nilsen, Helene Bøksle, Gjertrud Økland, Paul Hansen, Åsne Valland Norli,  Wholy Martin, Rita Eriksen, Jan Toft og Emi Fuijita.

Nils Økland har jobba lenge med verket og no nærmar det seg innstudering på Voss. Om to veker er dei i bygda og set i gang med siste finpuss før premieren i Vossasalen laurdag 19. mars klokka 18:00.

Del gjerne!