Endring besetning Husmann

Morten Svartveit har dessverre ikkje høve til å vera med på Husmann på Vossa Jazz sundag 26. september, men Endre Hellestveit kjem i hans stad!

Endre Hellestveit kjem frå Rosendal, men har per i dag bustadsadresse i hovudstaden. Han er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og har sidan endt utdanning arbeidd ved fleire av landets institusjonar og scener.

Frå teaterhøgskolen gjekk han til Den Nationale Scene der han m.a. spelte Sakfører Krogstad i Henrik Ibsens Et dukkehjem og Adolf Hitler i Mein Kampf. Han vart så fast tilsett ved Det Norske Teatret der han har spelt Peer Gynt og Rick i framsyninga Katt på hett blikktak. Frå 2010 var han tilsett ved Nationaltheatret der han m.a. har medverka i Sult av Hamsun og Plastelina av Vsilij Sigarev. Våren 2021 spelte han rolla Isak i stykket Hen av Taylor Mack. 

Hellestveit debuterte i filmen Himmelfall som Taxisjåføren Thomas (2002) og har seinare medverka i filmar som Pioneer (2013) og også spelt gjennomgåande roller i TV-serier som Seks som oss (2005–2007) , Det tredje øyet (2014-2016) og Varg Veum (2007-2008).

.

Få med deg den flotte framsyninga Husmann sundag 26. september kl. 15.00 i Voss kulturhus!

Kjøp billettar til framsyninga hjå TicketCo.

Del gjerne!