Elsket, hatet, ignorert og abonnert

Jazznytt 18 (Foto: Vossa jazz/Ådne Dyrnesli)
Jazznytt 18 (Foto: Vossa jazz/Ådne Dyrnesli)

For dei som likar å få greie på korleis musikken vert til, og høyre historiar omkring ideane til eit verk, så var Jazznytt 18 med Audun Vinger staden å vera laurdag formiddag. I møtet med komponistane bak to av årets bestillingar – Eirik Hegdal (Musical Balloon), og Hans Hulbækmo, Heida Mobeck, Anja Lauvdal og Anders Røine (Mutationes Tempestas) – var Audun Vinger ein ivrig og interessert intervjuar. Korleis formidle ein tanke gjennom musikk? Korleis balansere komposisjon og improvisasjon? Dette var nokre av spørsmåla som fekk åpne og innsiktsfulle svar i foajéen på laurdag.

Sundag klokka 11 er Vinger tilbake på samme stad, i samtale med sjølvaste Jan Erik Vold. Vel møtt.

Del gjerne!